Tekst: Kristina

Nærare 40 stykker var samla for den årlege jonsokfeiringa på Nåsastølen. Då veret ikkje var heilt på vår side, hadde me strekt opp presenning frå tre til tre, og denne fungerte fint som tak under eit par små regnbyger.
 Bålet var sjølvsagt på plass, fint å sjå på og det varma godt. Me grilla og kosa oss, kasta stein i elva, nokon vassa og nokon datt uti, andre sat i ro og mak og prata. Ein triveleg kveld for store og små.


|