Nesten 40 personar tok turen då grendalaget og Vossestrand Bondelag laga til bondekafé i Jordalen Skule.
Kari, leiar i grendalaget, fortalde om aktivitetane til grendalaget. Etterpå viste me lysbileteshow med bilete og film frå Gjelet og Jordalen og Nåsen gjennom 4 årstider.
Knut Blikberg frå Gjensidige fortalde om den nye bondelagsavtalen og svarde på spørsmål frå forsamlinga.
Etterpå hadde me matøkt og det aller viktigaste på ein bondekafé: Prating om laust og fast.
|