Tekst og foto: Kristina
Tradisjonen tru arrangerte Grendalaget påskebasar skjærtorsdag. Og tradisjonen tru var det fullt hus, overveldande mange vinstar, og god stemning. Både innbyggjarar og utanbygdarar hadde teke turen, sjølv om påskeværet ikkje var heilt på topp denne dagen.
Åresalet gjekk godt og dei fleste var heldige og vann både ein og fem gonger.
Filmframsyning vart det og, der me fekk sjå filmen ”Glimt frå Jordalen” som til passande musikk syner mykje av problematikken med vegen i fyrste del, og flotte bilete frå dalen og fjella rundt i andre del.
Før filmframsyninga vart det, for dei fleste, ei overraskande prisutdeling. Hollywood har sin Oscar, Haugesund har Amanda, og no har me fått vår eigen Jordalsoscar! Denne prisen gjekk til Trond Olav Neteland som har lagt ned mykje arbeid for å redigera og setja saman den fyrste delen av filmen.
|