Storskreda stengde vegen
Fredag 4. februar i 12.30-tida gjekk Storskreda og stengde vegen ved øvste utløpet av øvste tunnellen. Postbilen og ein traktor hadde passert få minuttar før raset gjekk.
Skreda tok også med seg mykje skog.
Skiltet som varslar rasfare kom til sin rett nok ein gong.
Storskreda går ikkje like ofte som Tenneskreda i Gjelet, men når ho fyrst går, kan ho stenga heile tunnellmunninga. Denne gongen gjekk ho ikkje så stor, men ingen ville vel hatt trea ein ser på biletet over bilen. For dei som ikkje er lokalkjende: Det mørke feltet bak trea er tunnellen.
Etter eit par timar var vegen rydda og Helge på mjølkebilen kunne starta på runden sin berre litt forseinka.
Showet er over for denne gong og tilskodarane kan reisa heimatt.
|