Konsesjonsfest!
Tekst: Kari
Foto: Kristina og Trond Olav
Fredag 28. februar 2014 vil verta ståande som ein av dei viktigaste milepelane i arbeidet for å få ny, trygg veg til Jordalen. Kongen i Statsråd gav då Holmen Kraft konsesjon til å byggja Holmen Kraftverk i Jordalselva. I konsesjonen ligg også bygging av ny trygg veg til Jordalen.
Dette har me venta på i mange år, og dei siste vekene var nesten meir spennande enn godt var. Det var mykje som stod på spel. Sjølv om det låg i korta kva utfallet ville verta, kunne me ikkje sleppa jubelen heilt laus før me visste. Datoen for avgjerd i statsråd fekk me heller ikkje bekrefta før dagen før. Men i samråd med Arnstein planla me konsesjonsfest. Jordølne vart også inviterte til tur inni den nye tunnellen fredag kveld kl 19.00 Me samlast i skulen på føremiddagen for å førebu festen, og før me visste ordet av det hadde me Trond Olav på tråden som full av glede kunne be oss heisa flagget. Me var ikkje vanskelege å be, og flagget kom raskt til topps medan ordet gjekk i bygda og dei fleste flaggstenger vart pryda med flagg. Dette vart ein jubeldag.
Arnstein Bjørke og Sigmund Bjørke utanfor brakka til Gudvangen Stein AS
Kl 19.00 møtte me opp hjå Gudvangen Stein fulle av forventning. Me vart ikkje skuffa. Med eitt vart det verkeleg det me hadde gått og venta på i alle desse åra. Med store auger køyrde me innover i tunnelen og berre tok det inn. Ein dag skal dette verta kvardagen vår. Bygda er sikra ei ny framtid. Me skal byggja og bu her og generasjonar etter oss vil kunna føra vidare livsverka våre. Dette er så stort!! Med på turen var dei fleste av innbyggjarne i dalen i ein alder frå 4 til 87 år.
Nye Jordalstunellen omlag 1 km inne
Etter tunnellturen gjekk turen ut i Jordalen til skulestova der ho Berit passa kaffikjelen og maten medan ho venta på oss. Me starta festen med å utbringa ein skål for Arnstein, Sigmund, nyetunnellen og kraftverket.
Etterpå spelte Maria tre fine melodiar på toradar. Stor takk til henne. Så vart Jordalsfilmen vist endå ein gong. Ein dag vert fyrste delen av filmen ein viktig historisk del av Jordalen. Men det kjennest svært godt at det snart er historie.
Jordølne har eigentleg kjempa for veg i over hundre år. I 1911 vart det fyrste heradsstyrevedtaket gjort i Vossestrand heradsstyre om å byggja veg til bygda. Kari las litt historie frå tida før og under den fyrste vegbygginga. Det vart ein lang(sam) prosess, og fullgod veg også for framtida vil me fyrst få når nyetunnellen vert opna!
Grendalagsleiar Kari Mørkve Jordalen fortel veghistorie
Me fekk så servert gryterett med det som høyrer til. Kaffi og kake skorta det heller ikkje på. Og jammen fekk me besøk av sjølvaste ”kongen”, som hadde vore med og fatta vedtak før på dagen og var komme eins ærend til bygda for å feira saman med oss medan dronninga var på Stalheim i interne forhandlingar. Skjærgodt!
Utanom bygdefolket var sjølvsagt Sigmund og Arnstein med på festen. Arnstein hadde også med Siv og Yngve. Stor takk til Siv som deltek i Arnstein sine ”rare hobbyar”.
Siv Wergeland, Sigmund Bjørke, Arnstein Bjørke og "skjenkemeister" Roald Nåsen Neteland
Frå kommunen var vegnemnda for nyevegen representert med Sigbjørn, Arnfinn, Bjarne og Leif Arne. Sigbjørn hadde også med helsing frå ordføraren som ikkje hadde høve til å vera med. Arnfinn hadde også med gledeleg nyhende om forventa mobilutbygging til sommaren. Takk begge to.
Arnstein og Sigmund fekk velfortente blomar som takk for alt arbeidet dei har lagt ned for å få konsesjonen i hamn og for bygginga av tunnellen som er så godt i gang.
Me vil også nytta høve til å takka for fin blomehelsing frå Aurland kommune ved ordføraren! Me vil også takka for helsingar og gratulasjonar me har fått både på telefon og e-post! Me gler oss til tunnellen er ferdig og har starta nedteljinga!
Fleire bilete frå konsesjonsfesten her:
|