Ein magisk kveld!
The Northern Belle greidde det! Lat det vera sagt med ein gong: Jordalen Skule egnar seg perfekt til konsertar, også når det vert litt meir rocka! The Northern Belle gav innfødde og tilreisande ei magisk oppleving! Over 70 i talet, frå ganske så unge til godt vaksne nikka i takt frå fyrste strofe.
Musikken deira finn inspirasjon frå sørstatane i Usa, med fotfeste i country, blues og americana. Frontfigur, låtskrivar og vokalist Stine Andreassen og dei andre bar tydeleg preg av å stortrivast på den intime scena. Den lokale helten Yngve Jordalen på kontrabass, og Bjørnar Ekse Brandseth, med røter i Nåsen, på gitar/pedalsteel og dobro leverte som vanleg! Desse to kjenner me også frå Yngve and his boogielegs. Johanne Flottorp på hardingfele gav oss også ein nydeleg slått medan dei andre tok ein pust i bakken. Ole-André Sjøgren leverte på gitar, og Svein Inge Bjørkedal, som også spelar med Nico & Vinz (!), storkosa seg baki kroken med slagverket sitt!

Plateslepp var det også, då dei sleppte sin fyrste singel, på ekte vinyl, denne kvelden. Salet gjekk bra, og dei fekk mange nye fans denne kvelden.
Det var også høve til å sløkka tørsten med lokale varer frå Voss Bryggeri, og til dei som koste seg, og til dei som trudde det ikkje var plass, er det berre å seia: Det vert konsert til neste år også! Mange bilete frå konserten finn du her:
|