LivOGLyst i Jordalen vert 3-årig prosjekt!
Skidagen i Nåsen den 3.april 2012 skulle ta ei uventa vending midt i grillpausen.
Då me var gode og mette kunne leiaren vår, Kristin Marie, fortelja at ho dagen før hadde fått telefon frå Hordaland Fylkeskommune om at Jordalen Grendalag sitt prosjekt "LivOGLyst i Jordalen" er teke opp som 3-årig prosjekt i LivOGLyst-programmet. Då måtte det skålast i alkoholfri sider!
LivOGLyst i Jordalen vart med som 1-årig prosjekt i 2011, og me er no i avslutningsfasen av det prosjektet. Me søkte også i 2011 om å vera med som 3-årig prosjekt, og fekk stønad frå Voss Kommune sitt kraftfond, som er ein føresetnad for å verta teken opp som 3-årig prosjekt. Då me søkte på nytt i 2012 vart me til saman 3 søkjarar frå Voss Kommune som gjekk vidare frå prekvalifiseringa, med garanti frå kraftfondet til det prosjektet som eventuelt måtte verta teke opp som 3-årig.
No startar eit langt meir omfattande arbeid enn det med tok fatt på våren 2011, men me har lært mykje, og om det er fyrste året i eit treårig prosjekt me no skal til med, er det uansett år 2 av LivOGLyst i Jordalen me no tek fatt på!
Bilete frå skidagen ligg her:
Lekkjer til fleire av LivOGLyst-prosjekta ligg her:
|