Tekst: Einar Magne

Sundag 25. august inviterte Jordalen Grendalag til Jakt og Safarikveld i skulehuset. Jordalen har hatt besøk av Hamish Skead frå Lowlands Hunting Safaris og Anders Mossing frå Mossing og Stubberud media. Hamish har vore i Jordalen før og fått jakta både hjort og reinsdyr. For Anders var det første gong i Jordalen. No skulle Hamish opp og jakta rein for andre gong, og Anders skulle laga film av det heile. I den samanheng ville me prøva å arrrangera ein kveld der fleire kunne få møte desse karane og høyra litt om det dei driv med.

Det var spennande kor mange som ville koma då dette var eit tema og sjanger me ikkje har prøvd før. Men når kvelden var i gang var det ikkje så mange stolar ledige. Me hadde besøk så langt borte frå som Vaksdal. Hamish fortalte og viste film frå Afrika og jaktfarmen sin. Til slutt måtte han sjølvsagt seia nokre ord om korleis han opplever norsk reinsjakt og norske fjell. Deretter var det Anders sin tur. Han viste film frå sine turar i inn og utland, og fortalte om korleis han arbeider med å laga jaktfilmar.
 Initiativtakar Einar Magne Jordalen
 Hamish Skead, Einar Magne Jordalen og Andreas, og til høgre Anders Mossing
|