Me er klare! 30.10.13
Som seg hør og bør når ein skal ha konsert, lyt ein ha skikkeleg scene!
Om ikkje lokalet er så stort, så er her sitjeplassar til mange!
Foto: Øyvind Arvola
Tekst: Kristina
Me er utruleg stolte og glade over å kunna invitera til konsert med sjølvaste Ola Bremnes i Jordalen skule. Ola Bremnes er mannen som har tidenes Norsktopprekord, er spesialist på Petter Dass, illustrerer ”Illustrert tyleskap” og har gjeve ut ny plate med eigne songar i år. Med seg har Ola to eminente musikarar: Gitaristen Terje Nohr Olsen og lydmann og musikar Are Bredahl Simonsen. Som vanleg har han nyskrivne songar på lur, godt blanda med kjente og kjære songar som ”Mi pia”, ”Grågåsa”, ”Har du fyr” osv. Du har nok også høyrt ”En dag skal alle døre åpne sæ” på radio i det siste. Den er frå Ola si siste plate ”I det blå” som har fått svært god mottaking blant publikum og presse. I Jordalen vert det sikkert smakebitar frå denne utgjevinga. Ill.: Ola Bremnes
Ola Bremnes er ein svært allsidig artist som trivst i direkte møte med folk, enten dei befinn seg i Finnmark, i Gjøvik eller i Jordalen. Han klarar alltid å skapa ei lun og humoristisk stemning på sine konsertar. Terje Nohr Olsen fyl tett på med glitrande gitarspel og koring. Når dette vert toppa med fin-fin lyd og delikate musikalske innspel frå Are Simonsen bør det ikkje overraska nokon at dette vert knallbra!!
Konserten finn stad i Jordalen skule, torsdag 31. oktober kl 20:00. Billettpris: 250,-
Førehandssalet av billettar er no avslutta. Det har gått forrykande, men det er plass til nokre fleire!
Me gler oss, Ola gler seg, ta turen DU og! Dette vert garantert ei stor musikalsk og intim oppleving!
|