-Håpar på avtale, men me må vera førebudde på brot
Godt 40 menneske tok vegen til Jordalen skule då Vossestrand Bondelag og Jordalen Grendalag skipa til bondekafé 30. mars. Veret viste seg frå si beste side, så den berykta Jordalsvegen var ganske så trygg for dei tilreisande. Kari fortalde om arbeidet i grendalaget, som om få veker feirar 5-års-jubileum.
Grendalagsleiaren
Gjest var avtroppande leiar i Norges Bondelag, Nils T. Bjørke, som tok for seg den politiske situasjonen me har no med blå-blå regjering, og dei utfordringane me står framfor med Frp-landbruksminister. Men uansett kor store omveltingar Sylvi Listhaug føreslår, lyt dei få fleirtal i Stortinget. Listhaug er flink til å finna fram til bøndene som har kapasitet til å produsera meir, og gi inntrykk i media at den norske bonden tenker ein ting, landbruksorganisasjonane noko anna.
Avtroppande leiar i Norges Bondelag, Nils T. Bjørke
Spørsmål og kommentarar frå forsamlinga vart det også tid til, blant anna om samdrifter. ”Du lyt vera meir kritisk når du vel deg samdriftspartnar enn når du vel deg ektemake - men eg har no vore heldig,” sa han! Det vert ein spanande vår med tanke på jordbruksoppgjeret, og utfallet av det. Han håpar på avtale, men me må vera førebudde på brot, med påfyljande aksjonar. Brotet for 2 år sidan var heilt avgjerande for at me skulle få ei utvikling i rett retning. Den blå-blå regjeringa vil også auka matproduksjonen i takt med folkeveksten. Det er måten dei vil gjera det på som ikkje er spesielt overbevisande!
Kaffi, rundstykker og kaffi høyrer med på ein bondekafé, og folk såg ut til å kosa seg i den vesle skulestova vår!
|