Gjennom mange år har Ingvald Midtun i BKK vore konsulent for Holmen Kraft sitt prosjekt. Den dagen konsesjonen vart gitt, var han på sydlegare breiddegrader, og han fekk såleis ikkje vera med på festen. Her kjem ei helsing frå han i høve konsesjonen:
Når ein kjem attende frå ferie etter ei lengre reise er ein som regel trøytt og har berre lyst til å leggja seg. Slik var det også sist laurdagskvelden (1. mars) då me kom attende frå Gran Canaria. Måtte berre bla gjennom posten først. Der var det noko som fekk meg vaken. I Hordaland stod at OED hadde gitt konsesjonen til Holmen kraft for å byggja kraftverket. Eg vart brått vaken og sende gratulasjonar til Arnstein sporenstreks! Eg har vore så heldig og fått vera med på laget til Arnstein og Sigmund som konsulent frå BKK. Dei tok kontakt for 8-9 år sidan for å få hjelp til å utarbeida planar og sakkunninge dokument som var naudsynte for ein konsesjonssøknad. Då hadde Sigmund allereie skissert planløysinga som eg syns var svært bra. Så sette me i gang den langvarige prosessen. Sidan prosjektet også ville føra til ein trygg veg til Jordalen var dette ei spesiell gleda for meg å få vera med på.
Som strending, født og oppvaksen på Vinje, visste eg kva Jordølne har hatt å stri med for å koma seg til og frå den kjære bygda si. Eg minnest spesielt ei tragisk hending:
"Den 1. oktober 1961 skulle det vera konfirmasjon i Vinjekyrkja. Eg skulle sjølv konfirmerast den dagen saman med blandt anna to jenter frå Jordalen. Før me skulle gå inn i kyrkja frå Sion sveva det rykte om at det hadde skjedd ei utforkøyring med ein traktor på Jordalsvegen. Traktoren var på veg til Holmen med konfirmantar og kyrkjefolk. Rykta vart då dyssa ned, sikkert av omsyn til oss andre konfirmantane og for dei andre som skulle feira denne dagen. Tragisk nok var det ein som omkom og fire vart skadde. ( Her er det nok fleire i Jordalen som hugsar dette betre enn eg, men eg meinar å hugsa at det var onkel til ein av konfirmantane frå Jordalen som vart drepen. Bertin Jordalen, onkelen til Aud.)"
Det har vore i sann gleda å ha fengje vera med på dette prosjektet. Eg har jobba med utbyggingsprosjekt i 36 år i BKK. Som regel er det forståeleg nok stor motstand og sterke kjensler når det skal byggjast ut ny vasskraft. Natur, miljø og landskap vert som regel endra og eigedommar skal oreigast. Det er ikkje alltid like kjekt å stå fram og skal målbera slike prosjekt. Slik har det ikkje vore med prosjektet i Jordalen. Tvert om. Alle har vore positive. Lokalpolitikarar, forvaltarar, styresmakter, naturvernarar m.fl. ( skulle berre mangla forresten) har vore samstemte. Skulle eg våga meg på å trekkja fram ein, må det vetra tidligare miljøvernleiar hjå fylkesmannen i Hordaland, Terje Aasen. Han har vore smidig i sakshandsaminga og vore ein pragmatisk problemløysar andsynes aktuelle tiltak, både for miljø, natur og landskapsvernområdet.
Til slutt vil eg ynskja alle hjarteleg lukke til med utbygginga, og den nye vegen når den kjem, truleg om vel to år!
Ingvald.
|