12. november gjorde Einar Magne og Magnar ferdig rekkverket på den nye gangbrua over Idlegjelet, og for fyrste gong på over 40 år kan ein kryssa elva turrskodd. No gjenstår det berre å fylla inntil brua og henga opp grindar. Gamlevegen frå Truflateigen til Nåsastølen er også nesten ferdig rydda. Der gjenstår berre eit kort parti. Jordalen har med dette fått ein fin turveg til bruk både til fots og på ski!
Idlegjelsbrua frå nord.
|