Det var stor glede i dalen då vegen endeleg opna torsdag ettermiddag etter å ha vore stengd sidan natt til måndag. Mjølkebilen og kraftforbilen hadde sikta seg inn mot opninga og kom omlag samstundes på dette bruket.
Raset vart brøytt vekk på tysdag, men vegen såg ut som eit elvagjel etter alt vatnet som hadde teke vegen nedover, og vértilhøva gjorde at Voss kommune forståeleg nok ikkje vurderte det som trygt å reparera vegen før i dag.
No er vegen igjen køyrbar og me kan leva tilnærma normalt igjen ei stund.
|