Gåta om Scania løyst?
Det kan sjå ut til at Scania ikkje er svensk likevel. Scania kjem til verda litt inni fjellet i Jordalsgjelet. Slik kan det iallefall sjå ut på dette biletet.....
2 timar tidlegare: Øyvind Grønhaug på kraftforbilen kan berre håpa på at bilen ikkje er vorten større sidan sist.
Vegen er rydda og Øyvind og Scania´en på sine 25-30 tonn er klare for tur til Jordalen og Nåsen for å levera bestillinga. Ein times tid seinare møter heimesida sin utskremde han igjen i øvste tunnellen og me snakkar litt om centimeter før han tek fatt på Gjelet igjen:
Heimesida sin utskremde klatrar opp på kraftfortanken på bilen for å ta bilete. Dette er ikkje lågaste punktet i øvste tunnellen! Det punktet er nokre meter lenger framme. Det får me koma attende til neste gong. No lyt me få Øyvind og bilen heimatt før det kjem nye ras.
Her er det trongt! Det veit Øyvind og alle andre som køyrer tunge køyretøy på denne vegen alt om. Det vert ein vane å sjå like mykje i speglane som på vegen.
Øyvind tek fatt på unnabakken i Gjelet. Litt etterkvart flatar det litt ut frå dei 25 % det er i nedre bildekant.
SU 68508 er trygt nede igjen nok ein gong, og nøgde dyr i Jordalen og Nåsen har fått fylt opp matlageret.
|