Skidag i Nåsen! Tekst: Kristina Foto: Gerd Ingrid, Kari, Einar Magne, Trond Olav
 Onsdag 27. mars arrangerte Grendalaget for andre år på rad, skidag på bakkane til May Ruth og Trond Olav. Sola skein slik ho har gjort i heile vinter, og temperaturen var nett passeleg. Oppmøtet var imponerande bra, mange små og store møtte fram. Bålpanna vart fyrt opp, og me grilla pylser, koka kaffi, steikte lappar og kosa oss. Dei minste aka og leika i snøborga og dei ”litt større” tok sats på hoppkanten.  Det gjekk nesten på helsa laus når den eine storkaren etter den andre skulle visa kva dei var gode for. Men heldigvis gjekk alt bra, og underhaldningsverdien var nokså høg!  I tillegg til hoppkonkurransen var det parallellslalåm. Her vart ikkje like mykje knall og fall, men flott innsats og mykje moro. 
Til slutt var det premieutdeling, der både flotte diplom og sjokolademedaljar vart utdelt. Me hadde ein flott dag med mykje moro og triveleg lag! Resultat frå hoppkonkurransen, samanlagt etter to omgangar: 1. Christoffer André Olsen 27,5 m 2. Endre Farestveit Jordalen 25,5 m 3. Jan Gunnar Jordalen 21 m 4. Aslak Angelskår 20 m 5. Roald Nåsen Neteland 19 m 6. Stig Erlend Jordalen 18,5 m 7. Anders Townsend 18 m 8. Lasse Olsen 17,5 m 9. Steven Townsend 14 m 10. Eirik Jordalen 13,5 m 11. Sander Nåsen Neteland 12 m Resultat frå parallellslalåm: 1. Endre Farestveit Jordalen 2. Anders Townsend 3. Roald Nåsen Neteland 4. Sander Nåsen Neteland Aslak Angelskår Steven Townsend Lasse Olsen Jan Gunnar Jordalen
|