1. mars gjekk me fleire steg nærare trygg veg til Jordalen!
1. mars var det ikkje berre folkemøte på skulen i høve konsesjonssøknaden til Holmen Kraft. Utval for miljø og kultur i Voss kommune skulle også koma med sin høyringsuttale til konsesjonssøknaden.
Administrasjonen i Voss Kommune hadde lagt fram eit framlegg til uttale der det blant anna vart føreslege minstevassføring på 300 l/sek heile året og ikkje 100 l i vinterhalvåret og 300 l i sommarhalvåret slik det går fram i konsesjonssøknaden. Dei ville også at utløpet frå kraftverket skulle koma 100 meter lenger oppe i elva.
Det synte seg raskt i debatten at MKU-representantane vektla trygg veg til Jordalen meir enn naturvernkrava til administrasjonen.
Administrasjonen sitt framlegg til uttale vart såleis samrøystes avvist. SP sitt framlegg om uttale som samsvarar med konsesjonssøknaden til Holmen Kraft vart samrøystes vedteken. Dette framlegget skal opp i kommunestyret den 22. mars.
Aurland Kommune, som får kraftverket og deler av tunellen i kommunen, har tidlegare vedteke ein høyringsuttale som også samsvarar med konsesjonssøknaden.
|