Rundt 60 interresserte var på møtet i Jordalen skule. Nærast: Kåre Ulvund, rektor Oppheim/Jordalen skule, bak han Bjørn Sture Rosenvold, Aurland Kommune og til venstre for han Bjarne Gjerme, medlem i Jordalsvegnemda.
Tekst: Kari
Endeleg! 1. mars var det duka for folkemøte i skulen om konsesjonssøknaden på Holmen kraftverk/ Trygg veg til Jordalen og kraftleidningen frå Holmen til Kjønnagard som må byggjast for å få straumen ut på nett.
Dette er noko me har venta på lenge, og me føler men no er eit stort steg nærmare ny, trygg veg. Konsesjonssøknaden vart lagt ut på høyring rett før jul med høyringsfrist 1. april. Så no må alle gode krefter skriva så blekket sprutar!
Frå venstre, Marit Carlsen, Carsten Jensen og Hans Jørgen Bihli, alle frå NVE.
Det var NVE v/Carsten Jensen, seksjonsjef for Vassdragskonsesjon, som leia møtet, og Marit Carlsen, rådgjevar Vassdragskonsesjon, som er sakshandsamar for kraftverket, starta med å orientera om den vidare handsaminga av søknaden. Ho vart etterfylgd av Hans Jørgen Bihli, førstekonsulent Nettkonsesjon, sakshandsamar for kraftleidningen. Han orienterte om sakshandsaminga av den delen av søknaden. Ting tek tydelegvis tid, og me lyt vel innstilla oss på ein vinter til med den vegen me slit med i dag, før konsesjonen er i boks.
Frå venstre: Ingvald Midtun, BKK, Arnstein Bjørke, Holmen Kraft og Kjetil Andersen frå Jøsok
Etter orienteringa frå NVE var det Holmen Kraft sin tur å orientera om planane og søknaden. Ingvald Midtun frå BKK, gav eit godt innblikk i vurderingane som er gjorde i fagrapportane, og kva som låg til grunn for det. Ansvaret for linja er det Kjetil Andersen frå Jøsok som har hatt, og han orienterte om dei ulike alternativa for kraftleidningen.
Frå venstre: Hans Erik Ringkjøb, ordførar i Voss, Arnfinn Gjerdåker, Voss kommunestyre (SV) og medlem i Jordalsvegnemda, Sigbjørn Hauge, varaordførar i Voss og medlem i vegnemda, Bjørn Sture Rosenvold, Aurland kommune, og Noralv Distad, ordførar i Aurland. I bakgrunnen: Leif Arne Vangsnes, Voss kommunestyre (FrP) og medlem i vegnemda.
Etter runden med god orientering frå NVE og utbyggjar, var det duka for kaffi, rundstykker og gode kaker, og på ekte jordalsk vis var det rikeleg med mat. Men mat og drikke hjelper som kjent på både kropp og sjel, og etter matøkta var det ein konstruktiv runde med spørsmål frå tilhøyrarane og svar frå NVE og utbyggjar. Denne delen av møtet fekk grendalaget æra av å starta, fyrst med ein kort appell, fylgd av ein dvd med bilete og film som gjev eit godt inntrykk av Jordalsvegen med dei problem og utfordringar me har der. Siste delen av dvd’en viste Jordalen frå si beste sida illustrert i bilete og tonar.
No gler me oss til det vidare arbeidet, og ventar i spenning på fyrste salva!
|