Kjærleiksballongen i Nåsalia 28.07.12
Då heimesidesnikkaren og sonen Sander køyrde nedatt Nåsalia laurdag 28. juni etter eit ærend i Tverraldsskaret, oppdaga dei denne ballongen i veggrøfta i Nåsalia. Det var akkurat nok helium igjen til at ballongen klarde å halda postkortet som var festa til ballongen oppreist. Kvar kom den frå? Eg kan røpa at eg har fått kontakt med avsendaren!
29.07.12.
Det var her, i veggrøfta rett under Haugane ballongen stod oppstilt. Eg veit enno ikkje kvar ballongen kjem frå, men den vart sleppt kl. 18.30 kvelden før den vart funnen her.
Som me ser er det eit par som heiter Beth og Jordan som har sendt denne ballongen av garde i høve bryllaupet sitt mindre enn 16 timar før den vart funnen i Nåsalia. Har den kryssa heile Nordsjøen over natta? Eg veit ikkje!
Seint på kveld 30. juli 2012: Eg har endeleg fått stadfesta at ballongen har teke heile den lange vegen over Nordsjøen frå Storbritania! Meir om det i morgon. Då får de sjå fleire bilete også!
31.07.12
Her, frå Shottle Hall i Belper, ikkje så langt nord for Derby i England, var det ballongen vart sleppt, fredag 27. juli kl. 17.30 GMT (18.30 norsk tid) for så å landa i Nåsalia før kl. 10.15 laurdag 28. juli. Den hadde då lagt bak seg i overkant av 1000 km, og har såleis helde omlag 65 km/t i snittfart for å nå hit på den tida.
Her går ballongen som landa i Nåsalia til vers saman med ei mengd andre ballongar med anna adresse. Men kven sende dei? Me veit at dei heiter Beth og Jordan, og at det var i samband med deira bryllaup fredag 27. juli ballongane vart sleppt.
01.08.12
Her er brureparet som er årsaka til ballongen som landa i Nåsalia. Brureparet, Beth og Jordan sitjande, og forlovarane ståande: "Best man", Nick, og "maid of honour", Kate.
Beth ser på ballongsleppet.
Du kan lesa meir om bryllaupet deira her, der ballongen vår er den einaste som er nevnt!
|