|
Tenneskreda gjekk både torsdag og fredag 11.02.11
Torsdag fekk både kraftforbil og mjølkebil gjort ærenda sine i dalen, men Pyttane gjekk 3 gonger medan kraftforbilen var i dalen, og så gjekk liksågodt Tennesskreda rett før mjølkebilen kom. Ho var ikkje så stor denne gongen, så det gjekk unna på ein halvtimes tid å rydda slik at rektor kom seg heimatt og mjølkebilen fekk ta runden sin.
Fredag gjekk Tenneskreda fyrst i 8-tida, og seinare 2 gonger til. Vind frå nordaust har kome med store leveransar med snø, så skreda har magasin å ta av. Vinden skal roa seg utover dagen, så då får me håpa Tenneskrea tek helg også. |
|