Endeleg er me i gang!

Jordalen Grendalag har endeleg fått byggeløyve til lavvoen i Øygardsmarki.
Etter lang planlegging og ei rask handsaming hjå Voss Kommune er det klart: Me får løyve til å setja opp ein lavvo i Øygardsmarki. Lavvoen er ein del av LivOGLyst-prosjektet der me har fått midlar frå Innovasjon Noreg Hordaland, Fylkesmannen i Hordaland, Hordaland Fylkeskommune og Voss Kommune. Me har også motteke ei tilleggsløyving frå LivOGLyst øyremerkte lavvoen, og frå Voss Sparebank. Overskotet frå ein påskebasar er også sett av til lavvoen.
I lavvoen vert det omlag 40 sitjeplassar. Den er tiltenkt bruk til bl.a. servering, kulturarrangement, eller rett og slett som eit samlingslokale for dalen. Tomta er alt rydda, og Jordalen Entrepenør har køyrt på plass massar. Mykje arbeid gjenstår, men no er me igang!
|