Tekst: Kristina Foto: Gerd Ingrid, Kari og Trond Olav

Så har me prøvd oss på fiskekonkurranse óg. Eit av tiltaka i LivOGLyst-prosjektet vårt er kultivering av elva. Jordalselva har veldig mykje fisk, og då mykje liten fisk. Dette vil me prøva å gjera noko med, og då er oppfisking eit av tiltaka. Då passa det fint med ein fiskekonkurranse, både elvekultivering og sosialt samvær på ein gong! Laurdag 7. september starta med skikkeleg godt fiskevêr, regn og skodda, men heldigvis heilt vindstilt og temperaturen var bra. Me møttest for påmelding Bortom, og etter at alle frammøtte var melde på talde me 29 stykk med store og små. Veldig kjekt at så mange vart med!
 Kl. 11 gjekk starten for fiskekonkurransen og me kunne fiska langs heile elva frå tunnelopninga og ut til brua på Røyrdotten. Fisk etter fisk vart dregen på land både her og der, og kl. 14 var me samla att Bortom for å telja og vega fangsten.
Då alle fiskane var talde og vegde kom me til heile 60 fiskar på totalt 6,3 kg! Snittet var på 105 g, så det seier seg sjølv at det er mykje liten fisk i elva. Nokre sværingar var det likevel, eit par stykk på nesten 300 g! Sjølvsagt hadde me premiar, og desse skulle delast ut til den største fisken, den minste fisken, den med flest fisk i antal og den med flest fisk i kilo.
Minste fisken hadde Steven Townsend fått, og den vog 26 g.
 Største fisken fekk Merete Jordalen, på heile 293 g.
 Inge Einar Jordalen hadde mest fiskelykke i dag, og kom attende med heile 20 fiskar i posen sin. Han fekk også premie for flest fisk i kilo, på til saman 1917 g.
 Medan me talde og vog fisk var bålpanna klar, og me grilla pylser og kosa oss etterpå. Til og med sola stakk fram og helsa på.
Dagen var absolutt vellukka og gav meirsmak! Kjekt at så mange vart med, dette skal me nok prøva fleire gonger!
Tusen takk for flotte premiar til: Skandinavisk Høyfjellsutstyr Endeve Sport Motorservice Bilsenter A/S Sport 1 Voss
|