Tekst: Kari Foto: Trond Olav

Laurdag 11.01 samlast me for å ta det nye året i bruk i grendalaget. Maria Jordalen opna med ein toradarslått til stor glede for oss som fekk høyra på.

Etterpå var det resultatkunngjering og høgtideleg utdeling av premiane frå turkonkurransen i 2013. Deltakarar under 15 år frå dalen fekk eit bilete med motiv frå alle stadene det ligg turbøker: Idlegjelsbrua på gamlevegen, Berdalen, Slettedalen, Nåsafjellet og Bakkanosi.

Tanken bak då me starta med turkonkurransen var å motivera til å få folk ut på tur, og det har verka veldig positivt med eit stadig større antal som skriv seg i bøkene. Etter at dei yngste fekk si påskjønning var det opplesing av dei 20 beste, og dei 3 beste fekk kvar sin kopp i premie. Vandrepremien vart også i år vunnen suverent av Sander Nåsen Neteland med heile 202 poeng og 97 poeng framføre nr 2. Gratulera Sander, du er ein verdig vinnar. Dersom Sander vinn til neste år og får han vandrepremien til odel og eige.

Etter premieutdeling var det leik og moro til stor glede for både liten og stor. Takk til Maria som spelte til stolleiken, ho fekk spenninga/stemninga på topp.


Me avslutta stund med kaffikos og utlodding. Som vanleg var det mange fine vinstar, takk til alle som hadde vinstar med og som kjøpte lodd.

|