..og litevetta sant!
Tekst: Kristina. Foto: Trond Olav
Den 26. oktober hadde me storfint besøk i skulen. Kåsør Jens Brekke frå Vik hadde teke turen for å underhalda oss, med ”Laust, fast og løge... og litevetta sant”. Dette var fyrste gong me prøvde oss på å arrangera noko slikt og med annonse i avisa og plakatar rundt omkring var me svært spente på om det kom folk. Og sjølv om det kom ein del snø natta i førevegen tok likevel mange sjansen på ein tur i Jordalen ein fredagskveld. Med ca 40 besøkjande var me godt nøgde.
Og underhaldning fekk me! Jens Brekke framførde blant anna fleire Vossastubbar av Per Sivle, som Vesle Rauren og Tobakksvolt.
Med raud kappe og lang stav fekk me høyra korleis Moses delte det raude hav, i Legende av Jakob Sande. Eit par historiar frå Jens sine eigne bøker, Illustrert Tyleskap, vart det sjølvsagt, og nokre lokale historiar fekk me også høyra.
Om det er tilfelle at latter forlengjer livet, vart det monaleg lengre på oss alle denne kvelden. Jens Brekke fortel og framfører med flott innleving og dette vart ein kveld me seint gløymer!
I pausen vart det servert rundstykker, kaffi og kaker, og praten gjekk livleg. Både arrangørane, hovudpersonen sjølv og dei tilreisande var alle einige om at det hadde vore ein triveleg kveld.
Takk til Jens Brekke og alle som kom å høyrde på!
|