...rasar det under vegen. Oppdatert måndag 16.04.12
Tekst: Trond Olav Foto: Einar Magne og Trond Olav
Dette var synet som møtte nokre av brukarane av Jordalsvegen torsdagskvelden den 12. april
I praksis skal det som heng igjen her, vera ei godt armert bru. Voss Kommune arbeider med å innhenta tekniske data for denne "brua", og den er enn så lenge godkjend for køyrety under 3.5 tonn. Det vil seia at i fyrste omgang vart omlag 3000 liter mjølk slått vekk laurdag 14. april. Ein kan ikkje frakta mjølk og dyr ut av bygda, og ein kan heller ikkje frakta kraftfór og anna fór inn i bygda. Frå Voss Kommune er det sagt at ein geolog skal på staden enten i helga eller måndag. Frå Tine Vest vert det opplyst at dei leitar etter ei løysing på korleis ein kan få mjølka ut av bygda.
På dette biletet ser ein plaststrimla som har lege oppå høgspentkabelen og telefonkabelen som går ut til bygda. Måndag ettermiddag hadde det framleis ikkje vore geolog på staden. Ein entrepenør var då i gang med å sprenga vekk lausmassar i bråtet ned mot elva for, som han sa, å koma ned til fast fjell. Uvissa over kva som skjer framover pregar folket i Jordalen no.
16. april 2012: Her er nokre av dei omlag 3000 mjølkelitrane i dalen som gjekk i sluken laurdag. Nye 3000 liter har gått same vegen måndag. Transportøren jobbar med ei løysing, slik at det er håp om å få køyra mjølka ned til overbygget frå onsdag eller torsdag, og pumpa den forbi rasstaden og over i mjølkebilen.
|