For fyrste
gong vart det "jentesiger" i turkonkurransen. Nelly Nora Naasen var
den flittigaste til å skriva i bøkene denne sesongen. Akkurat som
fjorårsvinnaren er det på Nåsafjellet ho har henta dei fleste poenga. Heile
18 gonger skreiv ho i den boka. Nr. 2 på lista var ein gamal ringrev, trass
sin unge alder: Sander Nåsen Neteland har aleine nesten ein femdel av
noteringane i den mest utskrivne boka i Berdalen. Kristina Jordalen på 3.
plass har samla poeng jamt over det heile. 4 personar har skrive i alle
bøkene denne sesongen.
Sesongen
2014-2015 vart vel ein del prega av sommaren som aldri kom. Såleis vart det
ein nedgang i noteringane totalt, men både i Berdalen og Slettedalen var det
ny rekord!
|