Tekst: Kari
Like sikkert som skjærtorsdag er påskebasaren i Jordalen. Basaren har røter attende i alle fall 50-60 år. Det har vorte tradisjon for mange av gjestene å komma på basar år etter år. Og stemninga er det aldri noko å seia på, den stig i takt med åresal og trekking.
Basaren i år vart ein knallsuksess med rekord i tal gjester, heile 110 menneske fekk plass i skulestova denne kvelden. Me hadde fått inn mykje fine gevinstar, og det var mange som hadde fleire ting på ynskjelista. Jubelen stod i taket fleire gonger når trekkinga føregjekk og nokon fekk tilslag på åra si.
Grendalaget er fem år den 28. april i år, og me var så utruleg heldige å få besøk av sjølvaste ”Kongen”. Han kom for å feira saman med oss! Me fekk også besøk av ”Bruaset’n” og Kolbein Potebrekkena. Han Kolbein var forundra over alt dette nye som er på gang i Jordalen, og lurte no beint på om det ville verta så gjevt. For kva skal han klaga på no? For når nyevegen kjem kan han ikkje klaga over vegen meir, skulen er nedlagd og går ikkje an å klaga over. Einaste trøysta var at vatnet vart vekke kvelden før basaren!
Han Kolbein er så gammal at han har tre stemmer på årsmøtet i grendalaget, og med så høg alder kan det vera tungt nok å tilpassa seg! Med seg til å akkompagnera hadde dei fått med seg Andreas Kollvangsnes på toradar og Yngve Jordalen på bass.
Etter fem omgangar med åresal og trekking, kake og kaffi og god underhaldning innimellom kunne me fastslå at basaren nok ein gong var vellukka. Det var mange som fekk med seg ein gevinst eller to heim, og mange fekk helsa på vener og kjende som gjerne er i Jordalen på vitjing i påsken.
Takk til alle som kom og gjorde kvelden så kjekk. Takk til alle for innsatsen som vert lagt ned kvart år i å arrangera påskebasaren. TAKK for alle gevinstar!
Fleire bilete frå påskebasaren finn du her:
|