Helsing frå ordføraren!
Ei ny framtid for Jordalen
 
Helsing frå ordførar Hans Erik Ringkjøb i høve konsesjonen:
 
 
Det er med stor gleda me har motteke meldinga om at Regjeringa i dag har gjeve konsesjon til utbygging av Jordalselva. Etter årtier med kamp frå Jordølene si side, vert flagget heist til topps.
 
Det overordna målet, både for innbyggjarane i Jordalen og for Voss kommune, har vore å få på plass ein sikker veg til Jordalen. Det vart tidleg klart at Voss kommune åleine ikkje ville makte å få dette til. Løysinga som etter kvart såg dagens ljos var å byggja ut Jordalselva og samtidig laga veg til Jordalen. Det er dette prosjektet som i dag har fått konsesjon.
 
Det vil bli nok av høve til å gratulere og takka dei som har gjort ein stor jobb, men dagen i dag høver også til å minna om kven som har vore dei sentrale aktørane. Frå Voss kommune går det difor ein stor takk til bygdefolket i Jordalen. Dei har stått på og vore tolmodige. I dag har dei fått løn for strevet. Så har Holmen kraft, med Arnstein og Sigmund Bjørke i spissen, vore pådrivar for å få realisert prosjektet. Utan deira innsats og klokketru på prosjektet, så hadde me heller ikkje kunna feira i dag. Så er det på sin plass også å nemna det lokalpolitiske miljøet. På Voss har ein vore samstemt, på tvers av partigrenser, at dette prosjektet ønskjer me velkomen. Utan eit sterkt politisk engasjement over mange år, ville nok framtida for Jordalen ha sett annleis ut.
 
Vegen fram til vedtaket om å gje konsesjon til utbygging i Jordalselva kan truleg samanliknast med slik vegen til Jordalen er i dag. Den er smal, kronglete, rasutsett og med mørke låge tunnelar. Rett og slett ei utfordring for alle vegfarande. Slik har også vegen fram til konsesjonsvedtak vore. No veit me at dette er historie. Det går mot ein heilt ny kvardag for Jordalen.
 
Til lukke med dagen!
 
Helsing Hans Erik Ringkjøb
Ordførar Voss Kommune

 
 
 
Turkonkurransen 2014-2015
Juletrefesten 2014
Turkonkurransen 2013-2014
The Northern Belle 17.10.14
Jonsok 2014
Påskebasaren 17.04.14
Bondekafé 30.03.14
Helsing frå Ingvald! 05.03.14
Konsesjonsfest 28.02.14
Ordføraren helsar 28.02.14
Konsesjon! 28.02.14
Turkonkurransen 2012-2013
Nyttårskos i skulen
Ola Bremnes-konsert 31.10.13
Synfaring på Slettedalsvegen 21.10.13
Ryddedugnad 20.10.13
Ola Bremnes-konsert
Me har fått byggeløyve! 14.09.13
Fiskekonkurranse 07.09.13
Jakt og safarikveld 25.08.13
Påskebasaren 28.03.13
Skidag 27.03.13
Turkonkurransen 2011-2012
Helsing frå ordføraren 22.12.12
Laust, fast og løge...26.10.12
Kjærleiksballongen i Nåsalia
Vegen nesten friskmeld 24.05.12
Vegen oppgradert 24.04.12
Me slepp slå ut meir mjølk 18.04.12
Rasar det ikkje over vegen, så... 13.04.12
LivOGLyst i Jordalen vert 3-årig prosjekt 03.04.12
Høyringsmøte 01.03.12
MKU i Voss støttar utbygginga - 01.03.12
Ikkje berre snø-, is- og steinras...13.02.12
Turkonkurransen 2010-2011
Nye Jordalsvegen inn på kommunebudsjettet? 22.11.11
Idlegjelsbrua klar til bruk!
Jordalen får mobildekning!
Dugnad 18. august 2011
Det nærmar seg bru! 4.06.11
Påskebasaren 21.04.11
Endeleg open veg igjen - 24.03.11
Dette er - eller var - vegen vår 23.03.11
5-6000 liter mjølk i mottinga - 21.03.11
Endeleg breiband igjen 15.03.11
Fleire ras! 11.02.11
Trong fødsel 10.02.11
Tenneskreda gjekk igjen 7.02.11
Tenneskreda 5.02.11
Vegen stengd - 4.02.11
Snørasa i Gjelet 17.01.11
Stadig nye ras 15.01.11
Stor medieinteresse 12.01.11
Årsmøtet 2010 26.11.10
Diplom for 25 år 22.08.10