Tekst: Kristina Foto: Jan Gunnar

Ei frå før fantastisk flott påskeveka vart toppa med ein veldig vellukka påskebasar i skulen skjærtorsdag. Truleg har det aldri vore så mykje folk på påskebasaren før. Med rundt 100 frammøtte var det godt fullt i lokalet! Før me starta åresalet orienterte prosjektleiar Christine litt om stoda i LivOGLyst - prosjektet vårt. Så var me i gang, og frå fyrste omgang gjekk åresalet så det susa. Me hadde fått inn mange flotte vinstar, og som alltid var dei fleste heldige og vann.

Også i år hadde me ei lita overrasking på lur. Kari fekk ein flott keramikkvase laga av Sarah Reed, for sin mangeårige innsats i arbeidet med å få ny tunnel.

God underhaldning fekk me og. Heimesidesnikkaren, Trond Olav, hadde snikra saman ein flott film frå skidagen me hadde dagen før. Her var både artige videosnuttar og fine bilete samansett med god musikk.

Tusen takk til alle som møtte fram og kjøpte årer, og tusen takk for alle vinstar!

Ekstra takk for vinstar til:
L. Hylland Eftf. daglegvarer Joker Haugsvik Joker Oppheim Joker Vossestrand Esso Vinje Servicestasjon Vossevangen Grill og Steakhouse Bilpleiesenteret Voss Voss Olje Felleskjøpet Voss
|