Mange store og små både fastbuande og utanbygdarar samla seg til juletrefest i skulen 4. joledag. Kristina og Kristin Marie var komitéen i år, og dei ynskte også velkomen.
Etterpå underheldt Maria med nokre flotte songar på toradaren.
Tradisjonen tru var det oppsummering av turkonkurransen og utdeling av premiar. Vinnar vart Dag-Johnny Nåsen. Den nye rekorden lyder på 442 poeng, og er meir enn dobling av gamlerekorden. Meir om turkonkurransen kan du lesa her:
Han fekk aksje nr. 4 i vandrepremien.
Vidare var det loddsal med mange fine vinstar, og ein fin slump pengar til grendalaget sitt arbeid. Gang rundt juletréet høyrer med, og sjølvsagt kom nissen!
Fleire bilete finn du her:
|